søndag 30. august 2009

Are Kalvø!


Vi fekk besøk av ein morosam kar på skulen her om dagen. Han heite Are Kalvø. Nokon av dykk har kanskje høyrd om han? Are Kalvø er ein kjend mann i radio, gjennom programmet ”Hallo i uken” på NRK. I tillegg har han skrevet ei rekkje bøker og vært med i oppsetjingar av teaterstykker. Men viktigast av alt; Han er ein forkjempar for nynorsk. Det var noko av grunnen til at han kom til skulen vår, for å reklamere for nynorsk og fortelje om kva for nokre muligheiter vi har i arbeidslivet. Showet var interessant, men fyrst og fremst artig. Are Kalvø er ein av Noreg sine fremste satirikarar, og det bar showet preg av. Han hadde mange gode parodiar, en del gode poeng og andre meir eller mindre morosame spilloppar. Kalvøs besøk gjekk ut på at han skulle motivere oss til å jobbe med nynorsk og at vi skal sjå på nynorsken som ein døropnar. Han snakka blant anna om kor lett det var å bli sett på som smart om ein snakkar nynorsk. Eg syntest showet var bra, det er bra at vi har nokon avvekslingar frå vanleg skule. Om showet hadde ein spesiell praktisk betyding er eg meir skeptisk til. Nynorsk vil garantert gi deg fleire muligheiter til jobbar i samfunnet og som Are Kalvø sa, det er lettare å få suksess med nynorsk. Det kan hende Are klarer å marknadsføre nynorsken med en humoristisk vri og gjere den hip? Kanskje er Kalvø reinkarnasjonen av Ivar Aasen? Dei er begge frå Sunnmøre, dei er begge nynorskbrukarar og ifølge Are ”kler ingen av dei skjegg”!

Terningkast: 5

1 kommentar:

Ingunn sa...

Artig melding i frisk stil. Eg håpar at noko av det han sa var motiverande for dykk, men uansett er det vel fint å sjå at nynorsk mest av alt er eit brukbart arbeidsspråk, det og. Du har bra grep om eigen nynorsk, og er på veg til å meistre han no.