mandag 8. mars 2010

Nynorske bøker


Skyminga er overgongen mellom dag og natt. Den har ikkje ein definert funksjon. Kanskje er det litt på same måte med nynorske bøker?
Flickr

Eg må innrømme at eg ikkje les nynorske bøker så ofte. Sist gong eg las ein nynorsk bok trur eg må ha vært på ungdomsskulen. Det var ”Tordivelen flyg i skyminga” av Maria Gripe. Maria Gripe er ein forholdsvis kjend svensk forfattar som har skreve barne og ungdomsbøker. Det var ei grei bok etter kva eg hugsar, men ho gjorde ikkje noe veldig stort inntrykk. Det er nok ikkje på grunn av at boka var skreve på nynorsk, men heller fordi eg føretrekk bøker frå Oslo og omegn (så eg kjenner meg igjen), eller frå fjerne og eksotiske himmelstrøk (så eg kan drøyme meg bort). Denne boka er handlinga lagt i utkant-Sverige, eit sted eg ikkje har noko spesielt forhold til og eit sted som ikkje er spesielt eksotisk. Eg les antakeleg så få nynorske bøker fordi eg snakkar og skriv bokmål sjølv, men eg har også ein oppfatning av at etterspørsel har ein stor rolle. Samanliknar ein utvalet av bøker skrivne på bokmål og nynorsk er nok utvalet av bokmålsbøker voldsamt mykje større. Når eg ser på ein film eg gjerne vil sjå, og den er teksta på nynorsk, blir eg innimellom ”tvunge” til å lese nynorsk. Eg tenker at eg hadde lest meir nynorske bøker om de hadde vært lettare tilgjengelege og at nokon bøker berre kom ut på nynorsk. Om vi ønskjer å bevare nynorsken her i landet er vi nøydt til å lese meir nynorske bøker.

Ingen kommentarer: